Gardstun med 4 bygningar. Buret er i to høgder med svalgangar oppe og er datert til 1648. Våningshuset er i to høgder med midtgang; den austre stoga har delar frå 1532 - 1535. Resten av huset kan vera frå slutten av 1800-talet, men ikkje etter 1887. Dobbelt stolpehus der sørlege del er frå 1640, nokre delar kanskje eldre, nordlege del er frå slutten av 1600-talet. dei er bygd saman kring 1880. Stor løebygning frå slutten av 1800-talet med særs flott grunnmur