• 87114-1

    id
    • 87114-1
    navn
    • Frekhaug
    opphav
    • Vestland fylkeskommune
    informasjon
    • Toetasjes lafta bygning på gråsteins kjellarmur. Valma, lett utsvaia tak, tekt med svart sementstein. To høge, tynne teglmura piper på vestsida. Trappehus i panelt reisverk, med valmtak, bygd til på nordgavlen. Inngangsparti midt på langsida mot vest. Liggande gammal enkeltfalsa staffpanel mot aust og vest, liggande kledning av skarpkanta bord mot nord. Ny trykkimpregnert kledning, enkeltfalsa staffpanel av same type som det gamle, i sørgavlen. På kvar langside sju vindauge i kvar etasje, i jamn takt. Over vindauge i første etasje ein gjennomgåande drypplist. Vindauga er småruta krysspostvindauge av 1700-tals type, med fire rammer og 2x3 ruter i kvar. Gamle vindauge, med post- og sprosseprofilar av minst tre ulike typar, på vestsida, og gammalt glas i mange av vindauga. Alle vindauga i austveggen er frå 1991. Hovudinngangen erstattar midtvindauge mot vest, og er ei tofløya gammal labankdør med utvendes fiskebeinspanel, ramma inn av profilert listverk, og krona av eit felt med initialane CH ramma inn av rocaillar som dannar ein samansett, boga gavlform. Trappehuset i nord har inngangsdør (ny kopi av jugendtype), kjellardør av same type, men original, og to jugend krysspostvindauge med småruter i dei øvre rammene. Mot aust har kjellaren fem vindauge, nyare kopiar av jugend T-postvindauge. To varmepumper hengt opp på denne veggen. Nyare støypte trapper til dørene: trappa til døra i trappehuset med støypt vange, trappa ved portalen med metallrekkverk med stilisert blomemønster. Huset kvitmåla, dørene lys blå, portaloverstykket mangefarga (raud- og gul oker, grønt, kvitt) på lys blå botn; skal vera måla opp etter gamle fargespor.
    førsteDigitaliseringsdato
    • 2004-02-06T20:02:29Z
    kommune
    • 4631
    kulturminneId
    • 87114-1
    antallEnkeltminner
    • 1
    lokalId
    • 87114-1
    lokalitetsart
    • 20116
    lokalitetskategori
    • L-BVF
    målemetode
    • 99
    versjonId
    • 20210217
    synlig
    • Ja
    vernetype
    • VED
    vernedato
    • 1924-02-27T00:00:00Z
    vernelov
    • BFL
    verneparagraf
    • 1 (Utgått paragraf)
    opprinneligFunksjon
    • 2500
    datafangstdato
    • 1995-01-16T00:00:00Z
    opprettet
    • 2004-02-06T20:02:29Z
    oppdateringsdato
    • 2024-01-15T12:06:54Z