• 87117_1

    id
    • 87117_1
    navn
    • Thomas Erichsens Minde (Hop)
    opphav
    • Vestland fylkeskommune
    informasjon
    • Garden Hop ligg på austsida av Askøy, oppe på landtunga mellom Byfjorden og Hopsvatnet. Hovudhuset på Hop er ein av dei største og mest særprega av lyststadsbygningane i bergensområdet. Det er eit trehus i ein etasje, kledd med kvitmåla panel og med engelske skyvevindauge. På tre sider er det omgjeve av ein søylegang med joniske søyler, og over både hus og søylegang er eit halvmansardtak tekt med svart glasert tegl. Midt på kvar langside ei ark med spissgavl; den eine av dei står også på søyler. I vinkel på huset er det bygd til ei sjukeheimsfløy frå 1989 i tilpassa stil, med kvitmåla panel og saltak. I vinkelen mellom husa ligg den gamle hagen, ein rektangulær hage på ein oppmura terrasse. Hagen har framleis spor etter tidlegare geometrisk utforming, og han er ramma inn av gamle trerekkjer. Det er elles fleire spor etter det gamle kulturlandskapet rundt huset. Delar av ein 600 m lang, buktande allé frå sjøen og opp til midtaksen på hovudhuset, med asketre i den nedre delen, og lindetre lenger oppe, er bevart. Nede ved sjøen, i Hopshavn, er fleire gamle naust. Der alleen møter huset går ein annan, kortare allé ut på skrå opp til "Kongshaugen", ein stor gravhaug 50 m nord for hovudhuset. Elles er omgjevnadene til dels bygd ut med bustadhus, men enno med ein del grøne marker.
    førsteDigitaliseringsdato
    • 2004-02-06T20:02:29Z
    kommune
    • 4627
    kulturminneId
    • 87117
    antallEnkeltminner
    • 4
    lokalId
    • 87117_1
    lokalitetsart
    • 20151
    lokalitetskategori
    • L-BVF
    målemetode
    • 40
    versjonId
    • 20210217
    synlig
    • Ja
    vernetype
    • VED
    vernedato
    • 1923-06-06T00:00:00Z
    vernelov
    • BFL
    verneparagraf
    • 1 (Utgått paragraf)
    datafangstdato
    • 1995-01-16T00:00:00Z
    opprettet
    • 2004-02-06T20:02:29Z
    oppdateringsdato
    • 2025-06-24T11:43:56Z