Brødretomten ligg i Sandviken, eit par km nord for sentrum av Bergen. Det freda huset er eit tømmerhus i ein etasje frå 1790-åra, med kvitmåla panel, mansardtak med svart glasert tegl og symmetrisk fasade med portal i louis seize-stil og ei stor ark. På baksida er eit tilbygg frå 1924, utforma av arkitekt Ole Landmark i tilpassa stil. I storstova er veggmåleri av J.G. Müller frå byrjinga av 1800-talet, og også elles er huset godt bevart. Eigedomen Brødretomten strekte seg tidlegare frå Sandviksveien og oppover fjellsida, i nord danna ein bekk ein del av grensa mot lyststaden Christineborg, nabo i sør var eigedomen Wilhelmineborg. Ein allé førte frå vegen opp til hovudhuset, som låg eit lite stykke opp i lia; gardshusa låg ovanfor og litt til sida. Ein liten, firkanta hage låg framfor hovudhuset, medan det på baksida var ein inngjerda gardsplass med eit mindre uthus. I dag ligg huset midt i ein ca. tre mål stor hage. Eit stykke nord for hovudhuset ligg ein bygning, også den med mansardtak og teikna av Landmark, bygd som kombinert portnarbustad og garasje i 1919. Amalie Skrams veg ligg 10 m nedanfor fasaden på hovudhuset, og nedanfor der er den gamle lindealleen delvis bevart, med ein lågblokk på kvar side. Elles er den gamle eigedomen utbygd med villaer frå 1960-åra. Våningshuset på gardsbruket Brødretomten, bygd i sveitsarstil i 1878 på same plassen som det gamle paktarhuset, inngår i rekkja av bustadhus på oppsida av eigedomen.