Fram til 1955 var Bugården ein dobbeltgard med ei ca 100 m lang husrekkje på kvar side av ein smal passasje, og ein hagegrunn lengst bak, opp mot Øvregaten. Garden var den sørlegaste som vart råka av brannen i 1955, då det meste av han vart øydelagd. Dei fleste bygningane i den bakre delen, som stod att etter brannen, vart rivne i 1960-åra. Det som står i dag er dei to fremste husa i den sørlege husrekkja ¿ treetasjars laftebygningar med saltak og svalgangar mot passasjen, eit lite eldhus langt bak i same husrekkje, og ein steinkjellar frå 1666 lengst bak i den nordre rekkja. Sørenden av hotellbygningen frå 1982 dekkjer det meste av tomta etter den nordre husrekkja, medan resten av tomtene etter husa i garden er ein passasje tekt med raud tegl. Den fremste delen av den opphavlege gardspassasjen har plankedekke, og ut mot Bryggen står den enkle, boga portopninga att, krona av ein skulptur av ein bonde med øks. Tufta etter det bakarste huset i den sørlege rekkja er ein grasplen.