• 87127

    id
    • 87127
    navn
    • Christinegård
    opphav
    • Vestland fylkeskommune
    informasjon
    • Christinegård ligg i Sandviken, eit stykke oppe i lia under Sandviksfjellet. Det er eit stort og heilskapleg anlagt lyststadsanlegg, der hovudhus, uthus og hage utgjer eit arkitektonisk heile. Hovudbygningen er eit trehus i to etasjar, med kvitmåla panel og valmtak tekt med svart tegl. Huset har ein T-form, med ein hovudfløy mot vest og ein tverrfløy på austsida. Det arkitektoniske utstyret i empirestil er rikt og særprega, med m.a. søyleborne terrassar på begge sider, og sjalusiar ved vindauga. Frå hovudhuset strekk lange, smale fløyer seg mot N og S, på vestsida utforma som opne søylegangar. Hovudhuset og fløyene dannar austsida i ein firkanta hage med geometrisk utforming. På dei andre sidene er hagen ramma inn av ein kvitkalka mur med avrunda "bastionar" i hjørna mot V. A for hovudhuset er ein gardsplass, som i N og S er avgrensa av kortendane på to bygningar av kvitkalka mur, i ein etasje på høg sokkel og med valmtak. Det eine er stall og vognremisse, det andre paktarbustad. Ca. 160 m mot A, og ca. 40 m høgare i terrenget, ligg lysthuset Mon Plaisir, som eit lite gresk tempel med fire joniske søyler i fronten mot V. Skråninga opp mot Mon Plaisir var opphavleg ein romantisk prega park, i dag eit meir uryddig grøntområde. I den nedre delen er ein grusdekt treningsbane, til dels skoren inn i terrenget. Resten av eigedomen vart utparsellert kring 1930 og bygd ut med frittliggande fleirfamiliehus.
    førsteDigitaliseringsdato
    • 2004-02-06T20:02:33Z
    kommune
    • 4601
    kulturminneId
    • 87127
    antallEnkeltminner
    • 6
    lokalId
    • 87127
    lokalitetsart
    • 20151
    lokalitetskategori
    • L-BVF
    målemetode
    • 82
    versjonId
    • 20210217
    nøyaktighet
    • 500
    synlig
    • Ja
    vernetype
    • VED
    vernedato
    • 1927-04-23T00:00:00Z
    vernelov
    • BFL
    verneparagraf
    • 1 (Utgått paragraf)
    datafangstdato
    • 1993-02-09T00:00:00Z
    opprettet
    • 2004-02-06T20:02:33Z
    oppdateringsdato
    • 2025-06-24T11:43:56Z