• 87132-1

    id
    • 87132-1
    navn
    • Det Gamle Rådhus
    opphav
    • Vestland fylkeskommune
    informasjon
    • Beskrivelse fra lokalitet: Gamle rådhus er ein kvitkalka steinbygning i to etasjar med høgt, utsvaia saltak. Huset har fleire tilbygg frå ulike periodar: på langsida mot aust er ei lita tverrfløy med spissgavl, framfor nordgavlen eit einetasjars tilbygg med låg trekantgavl og kvaderlisenar, og frå dette tilbygget går det murar, delt inn av lisenar, langsmed aust- og vestsidene slik at det her vert danna innelukka, til dels overdekka gardsrom. Tverrfløya har ein monumental empireportal i tre, og doriske pilastrar, og på gavlen mot nord er eit forgylt kongemonogram (C7). Bygningen ligg fritt midt ute på Rådstuplassen og er fondmotiv for Strandgaten. På austsida av Gamle rådhus er omgjevnadene mykje endra, med høge etterkrigsbygg og ein mykje trafikkert veg tett inntil. Det gamle miljøet er meir intakt på vest- og sørsida, der den brosteinslagde plassen er omkransa av Hagerupsgården, Gamle tinghus og Magistratbygningen. Beskrivelse fra Enkeltminne: Kjernen i Det gamle rådhus er ein rektangulær kvitkalka steinbygning i to etasjar med høgt, utsvaia saltak på ein profilert gesims, tekt med svart glasert tegl. gavlfeltet mot sør er av tegl, elles kraftig gråsteinsmur. To små pulttaksarker, tre piper på mønet. 2. etasje har krysspostvindauge, og tilsvarande, litt mindre vindauge i gavlfelta. Gavlen mot sør har i 1. etasje ein rundboga portal i enkle, men kraftige former, med ei tofløya dør. Hovuddelen av huset er elles omkransa av tilbygg frå ulike periodar. På langsida mot aust er ei lita tverrfløy av mur, i to etasjar med utsvaia saltak. Endeveggen mot aust har i 1. etasje ein monumental empireportal i tre, med pilastrar, bjelkeverk og trekantgavl som innramming av ei tofløya dør med rundboga overlys. 2. etasje har doriske pilastrar i hjørna, medan gavlfeltet er av tre og har eit liggande, ovalt vindauge med louis-seize-omramming. Framfor nordgavlen er eit einetasjes tilbygg med låg trekantgavl over midtpartiet og ein låg attika på kvar side, vegger delt inn av kraftige kvaderlisenar, og ei tofløya dør i midten. Langsmed langsidene mot aust og vest går det murar, noko lågare enn 1. etasje, delt inn av kraftige lisenar og med ein enkel gesims. I aust er muren broten av ved portalen i tverrfløya, og både her og i sør, både på ytterhjørna og der muren treff sørgavlen, er hjørna skore av på skrå. Arealet innanfor murene er i dag overbygd med flate tak, bortsett frå i nordaust, der det er eit lite gardsrom. Fleire dører kledd med fiskebeinspanel i murene. Rundt om på huset finst diverse dekor: i nordgavlen Bergens byvåpen (i ein gammal versjon) i gavlfeltet på tilbygget, og oppe på hovudgavlen eit stort, forgylt C7-monogram med krone over; eit byvåpen er også plassert som sluttstein på hovudportalen i tverrfløya, og oppe på austveggen er ein B av smijern. Elles finst ein del enkle muranker. Midtvindauget på nordgavlen er blindt, men illusjonsmåla på ein grunn nisje. Oppå ringmuren, på kvar side av hovudportalen, ein jugendprega koparlanterne. Alle veggflater er kvite, medan detaljar som lisenar, gesimsar, vindauge og vindskier har ein mørk grågrøn farge. Hovudportalen er grå, og pilastrane på tverrfløya nesten svarte; dørene grøne.
    førsteDigitaliseringsdato
    • 2004-02-06T20:02:34Z
    kommune
    • 4601
    kulturminneId
    • 87132-1
    antallEnkeltminner
    • 1
    lokalId
    • 87132-1
    lokalitetsart
    • 20129
    lokalitetskategori
    • L-BVF
    målemetode
    • 82
    versjonId
    • 20210217
    nøyaktighet
    • 500
    synlig
    • Ja
    vernetype
    • VED
    vernedato
    • 1927-04-23T00:00:00Z
    vernelov
    • BFL
    verneparagraf
    • 1 (Utgått paragraf)
    opprinneligFunksjon
    • 2600
    datafangstdato
    • 1993-02-10T00:00:00Z
    opprettet
    • 2004-02-06T20:02:34Z
    oppdateringsdato
    • 2022-02-17T02:02:47Z