Enhjørningsgården er ein enkeltgard, med ei ca. 90 m lang husrekkje langs ein trebrulagt passasje. Baksida av husa i Bredsgården vender ut mot passasjen på nordsida, medan Svensgården er nabo på sørsida. Sjøstova som vender ut mot Bryggen er måla okergul og har ein rekonstruert empireportal inn til passasjen. Oppe på fasaden er gardsmerket, ein skulptur av ein einhjørning. Som elles på Bryggen, er husa langstrakte laftebygningar med svalgangar mot passasjen og saltak, for det meste i tre etasjar. Ein bygning ¿ den nest lengst bak ¿ vart riven i 1960-åra, då Bryggestredet vart opparbeida som ei branngate gjennom den bakre delen av Bryggen. Øvst mot Øvregaten er dei tidlegare kålhagane del av eit parkanlegg.