• 87135

    id
    • 87135
    navn
    • FINNEGÅRDEN - Hanseatisk museum (BRYGGEN)
    opphav
    • Riksantikvaren, Hovedkontor
    informasjon
    • Finnegården har vore den sørlegaste av gardane på Bryggen sidan 1702, då han vart gjenreist som ein dobbeltgard med to husrekkjer. Om lag halvparten av bygningane vart rivne rundt år 1900 og ein bygning brann i 1982. Som vanleg elles på Bryggen er husa tre etasjars lafta bygningar med svalgangar mot passasjen og saltak. Fremst i den sørlege husrekkja ligg Hanseatisk museum. Dette er ein av dei best bevarte bygningane på Bryggen, med portal frå seint 1700-tal, raudmåla panel og småruta vindauge, og det er den einaste delen av Finnegården som i dag er freda. På langsida mot sør er eit murkledd tilbygg i tre etasjar frå slutten av 1800-talet. Bakanfor er bygningen som brann i 1982 gjenreist som ein utvendig kopi, men med kjerne av betong, og lengst bak i rekkja er ein original bygning, med eit lågt tilbygg på langsida mot sør. Ovanfor er den gamle tomta til garden kappa av på tvers av Rosenkrantzgaten. Det fremste huset på nordsida av passasjen er ein fire etasjars forretningsgard med teglfasade og gavl, og eit portrom inn til gardspassasjen ¿ den sørlegaste av dei nye murhusa som vart reist på Bryggen kort etter år 1900. Bakanfor ligg eit par bevarte gamle tømmerbygningar, og lengst bak, opp mot Rosenkrantzgaten, eit nybygg frå 1980-åra som er ein omtrentleg kopi av det opphavlege huset på staden, rive rundt år 1900. I den bakre delen av garden er det lagt glasstak over gardspassasjen. Her er i dag restaurant- og hotelldrift.
    førsteDigitaliseringsdato
    • 2004-02-06T20:02:34Z
    kommune
    • 4601
    kulturminneId
    • 87135
    antallEnkeltminner
    • 5
    lokalId
    • 87135
    lokalitetsart
    • 20124
    lokalitetskategori
    • L-BVF
    målemetode
    • 82
    versjonId
    • 20210217
    nøyaktighet
    • 500
    synlig
    • Ja
    vernetype
    • VED
    vernedato
    • 1927-04-23T00:00:00Z
    vernelov
    • BFL
    verneparagraf
    • 1 (Utgått paragraf)
    datafangstdato
    • 1993-02-09T00:00:00Z
    opprettet
    • 2004-02-06T20:02:34Z
    oppdateringsdato
    • 2025-06-24T11:43:56Z