Holmedalsgården er ein dobbeltgard, tidlegare med to lange husrekkjer på kvar side av ein smal passasje. Som elles på Bryggen er husa langstrakte laftebygningar med svalgangar mot passasjen og saltak, for det meste i tre etasjar. Sidan nabogarden Kappen vart riven i 1860-åra, har garden lege med langsida mot sør vendt ut mot Nikolaikirkeallmenningen, og etter at den sørlege halvdelen av Bryggen vart riven rundt år 1900 utgjer Holmedalsgården den sørlege avgrensinga av den samanhengande bebyggelsen på Bryggen. Garden vart hardt råka av ein brann i 1958, då om lag halvparten av husa vart øydelagde. Av den sørlege husrekkja er berre frontbygningen mot Bryggen og eit hus langt bak i garden tilbake. Området mellom ligg som ein open tomt, bortsett frå ein halvpermanent tømrarverkstad sett opp på 2000-talet. I den bakre delen av garden vart Bryggestredet opparbeida som ei branngate i 1960-åra, og samstundes vart ein stolpebygning med valmtak flytta frå midtrekkja i Bellgården-Jacobsfjorden til ei tomt lengst bak i den sørlege husrekkja. Ein lagerbygning frå Jacobsfjorden vart flytta til ei branntomt midt i den nordlege husrekkja, slik at denne i dag står som ei samanhengande rekkje. Begge frontbygningane mot Bryggen er raudmåla, og mellom dei er ein enkel boga opning til gardspassasjen. Lengst bak i garden, opp mot Øvregaten, er dei gamle kålhagene i dag ein del av eit enkelt parkanlegg.