Jacobsfjorden utgjer saman med Bellgården (ID 87121) til saman ein dobbeltgard med særskilt namn på kvar halvdel. Garden utvidar seg i breidda frå kaia og oppover, og i den bakre delen ligg ei tredje husrekkje mellom dei to halvdelane (ID 90851 ¿Midtbygningene¿). Jacobsfjorden er den nordlege husrekkja i dette anlegget, og har Svensgården som nabo på nordsida. Som elles på Bryggen, er husa langstrakte laftebygningar med svalgangar mot passasjen og saltak, i tre etasjar. Sjøstova ut mot Bryggen er raudmåla, og mellom denne og sjøstova i Bellgården er ein enkel, udekorert opning inn til den trebrulagde passasjen. På fasaden sit eit forgylla hjortehovud som gardsmerke. Lengst bak i husrekkja ligg ein steinkjellar. I 1960-åra, då Bryggestredet vart opparbeida som ein branngate gjennom den bakre delen av Bryggen, vart bygningen rett framfor kjellaren flytta ein tomt lenger fram i husrekkja, medan bygningen som stod her vart teken ned og sett opp att i Holmedalsgården. Bak kjellaren, opp mot Øvregaten, er dei gamle kålhagane i dag ein del av eit enkelt parkanlegg.