Møllersalen ligg i Sandviken, i bakken på oppsida av Sandviksveien, som her går rett ovanfor den opphavlege strandlina. Eigedomen har i dag to hus, begge tømmerhus med kvitmåla kledning og raude tegltak, og mura kjellar under. Hovudhuset er i ein etasje med utsvaia saltak, og har ein tilnærma symmetrisk fasade med portal og spissgavla ark i midtaksen. Det andre huset, ¿Den egentlige Møllersal¿, ligg rett nedanfor og til sides for hovudhuset, og har to etasjar, halvvalma utsvaia tak og jugendvindauge. Etter at Sandviksveien vart kraftig utvida i 1950-åra, ligg eigedomen no på ein høg støttemur mot denne. Elles er eigedomen omgjeven av lågblokkar frå etterkrigstida i nord og sør, og i aust strekk han seg opp til Amalie Skrams vei. I det som no er den austlege delen av hagen låg fram til 1917 delar av ein av reiparbanane i Sandviken. På motsett side av Sandviksveien ligg enno eit naust, no ein del ombygd, som saman med ei fjøregrunn ved sida av tidlegare høyrde til Møllersalen. Naustet og fjøra låg i ein opning i sjøburekkja langs strandlina, slik at det var fritt utsyn frå sjøen og opp til hovudhuset. Grunna utfylling ligg naustet i dag langt inne på land.