Beskrivelse fra lokalitet:
Måseskjæret ligg nær sjøkanten i Sandviken, eit par km nord for sentrum av Bergen og nær nordenden av den samanhengande førindustrielle bebyggelsen. Det freda huset er eit tømmerhus i ein etasje, med høgt valmtak og ein stor ark midt på kvar langside. Huset er kledd med kvitmåla panel, har småruta vindauge, og dører og andre detaljar i louis seize-stil. Utvendig er huset knapt endra frå det var nytt. Omgjevnadene sterkt redusert på 1900-talet. Eigedomen Måseskjæret omfatta ein mark sør og aust for huset, ca. 130 m lang og 70 m på det breiaste, med ein større uthusbygning. Lyststaden Krohnstedet var næraste nabo i N, medan reiparbanen i Sandviksveien 62 låg langsmed austgrensa til eigedomen. I vest var ein rad med sjøbuer, men med ei opning i sjøburekkja rett framfor hovudhuset. Her var eit lite hageanlegg, og ei triangelbrygge i midtaksen til huset. I dag utgjer eigedomen berre det aller næraste arealet rundt huset. Dette er ein liten, men ganske tettvaksen hage, men med bilvegar tett inntil på alle sider. Sjøbuene nærast huset er rivne, og her er no ein stor murbygning frå etterkrigstida og ein parkeringsplass. I nord ligg store bustadkompleks frå rundt år 2000, og her er også terrenget planert ut. 100 m ut i sjøen ligg holmen som eigedomen har namn etter, med ei stor sjøbu frå byrjinga av 1800-talet.
Beskrivelse fra Enkeltminne:
Mer informasjon fins i Askeladdens merknadsfelt