Sandviksveien 60-62 ligg i Sandviken, eit par km nord for Bergen sentrum, og er eit nær komplett reiparbaneanlegg. Sjølve reiparbanen er ein nær 150 m lang, smal bygning i to låge etasjar, bygd av panelt stolpeverk og med saltak. Han ligg i noko skrånande terreng parallelt med Sandviksveien. Ein open spinneveg strekte seg tidlegare ytterlegare nesten 200 m nordover, heilt fram til foten av Sandviksfjellet. Den sørlegaste delen av reiparbanebygningen er litt breiare; dette er spinnebua. Rett sør for denne ligg meisterhuset, bustaden for reipslagaren. Det er eit kvitmåla, panelt tømmerhus i to etasjar, med høgt valmtak og symmetrisk fasade med portal i midtaksen og engelske skyvevindauge. Rett vest for spinnebua og bygd saman med denne er tjørehuset. Det har ein underetasje av kvitkalka mur og overetasje av tre, og saltak. Det er desse bygningane som i dag er freda. Elles ligg det vestafor reiparbanen enkle fabrikkbygningar frå første halvdel av 1900-talet, dels i tre, dels i mur, og med ein høg teglmura fabrikkpipe inne i vinkelen mellom reiparbanen og tjørehuset. Ei gruppe gamle sjøbuer er nabo i vest, mellom dei er ei bu som tidlegare høyrde til reiparbanen, medan den sterkt trafikkerte Sandviksveien ligg rett inntil i aust. Langs fasaden på hovudhuset er ein liten hage med gjerde av tre, og framfor den ein grasplen.