Beskrivelse fra lokalitet:
Skur 11 ligg inst i Vågen i Bergen.
Byen Bergen voks fram i mellomalderen. Staden låg lagleg til mellom land og sjø, og Vågen var det samlande landskapselementet. Bebyggelsen låg etter kvart tett langs strandlina, på bryggesida organisert i lange rekkjer trekt tilbake frå sjøen med passasjar imellom, medan bygningane på Standsiden låg heilt ut mot Vågen med hopar i mellom.
Moderniseringa av hamna var ei følgje av den samferdsletekniske revolusjonen. Dampmaskina avløyste seglet som drivkraft i båtane, og ga høve til å byggje større og raskare farty. Sambandet med distriktet rundt vart teken hand om av ein stor fjordabåtflåte. Desse tok meir folk og gods enn tidlegare og kravde rasjonelle terminalar med gode omlastingsforhold og sikker fortøying. Inne på Vågen fekk dette konsekvensar. På slutten av førre hundreår vart den gamle bebyggelsen på Bryggen ikkje rekna som tenleg lenger. Sanering og nybygging var svaret på dei krava den nye tida stilte. Ein ny reguleringsplan for området førte til at bryggegardane fra Nikolaikirkealmenning til Vetrlidsalmenning vart rivne mellom 1900 og 1910 og erstatta av kvartalsbygnad. Dette var moderne murhus der fasadane mot Vågen vart utført i «bryggestil».
Andre tekniske innovasjonar var òg viktige. Moderne produksjonsmetodar gjorde det mogleg å framstille metall til ein rimeleg pris. Vidare vart ingeniørane ved hjelp av matematiske modellar i stand til å berekne kraftforløp og dimensjonar i ein bygningskonstruksjon. Dette førte til at bruken av jarn og stål i bygningar auka sterkt av førre hundreåret.
Skur 11 var eit produkt av alle desse hendingane. Bygget var ein viktig lekk i moderniseringa av hamna i den indre delen av Vågen. Skuret vart bygd i 1905-1906 av Bergen hamnevesen etter teikning av Johs. Meyer, og tente som lager for fjordabåtane.
Skur 11 er ein enkel, metallkonstruksjon på 8 x 30 m. Bærande og stabiliserande konstruksjonar er utført i stål. Bygget er sett opp etter modular i lengderetninga på 3.30m og 3.35 m. Som hamneskur er Skur 11 ei vanleg bygning. Konstruksjonsmåten og det dekorative utstyret gjer derimot at bygget skil seg frå andre objekt av same type, og dette gjer Skur 11 til eit sjeldsynt bygg. Skur 11 knyter seg arkitektonisk til murhusa bak, og er med på å gjere dette til eit heilskapleg kulturmiljø.
Skuret er eit autentisk uttrykk for si tid og dei teknologiske nyvinningane som vart introdusert i byggefaget i siste delen av førre hundreår. Bygningen er noko endra men mykje er framleis intakt av hovudkonstruksjon, materialar osb.
Beskrivelse fra Enkeltminne:
Skur 11 er ein enkel, metallkonstruksjon på 8 x 30 m. Bærande og stabiliserande konstruksjonar er utført i stål. Bygget er sett opp etter modular i lengderetninga på 3.30m og 3.35 m. Veggane har stålsøyler som er fundamenterte separat og med diagonale stag imellom. Takkonstruksjonen har ein takstol for kvar søyleakse og med åsar som spenner mellom desse. Utvendes er tak og veggar kledde med bølgjeplater av stål. Enkelte bygningsdelar er skrudd saman.
Som dekorative element, og som vern mot mekanisk skade vart det opphavleg sett opp åtte granittsøylar i hjørne og ved portane langs fasaden. Desse og bygningen elles vart utstyrte med rike ornament av smijarn.
Skuret har vore hardt brukt, og står i eit miljø der det er utsett for nedbrytande krefter. Mykje fukt og salt gjer at den berande konstruksjonen og jarnplatekledninga er stadvis mykje korroderte. Langs bakken er det støypt ein sokkel av betong som kransar bygget. Veggplatene er støypte ned i denne kanten. Dei opphavlege jarnplatene med sinusprofil er kledde med nyare plastbelagte aluminiumsplater. Portane mot vest er fornya. Det dekorative utstyret er fjerna. Delar av granittsøylane står att, men smijarnsdekoren er borte. Golvet var opphavleg dekka med brustein. Det er no asfaltert.