• 87162

    id
    • 87162
    navn
    • St. Jørgens Hospital
    opphav
    • Vestland fylkeskommune
    informasjon
    • Det freda hospitalsanlegget består av i alt ni trebygningar, plassert rundt eit hellelagt gardsrom med om lag 25 m lange sider. Si noverande form fekk det på 1700-talet, men hospitalet har lege på same plass sidan det vart grunnlagd. I NA, ut mot Kong Oscars gate, er kyrkja frå 1707. Langs SA-sida av plassen er hovudbygningen frå 1754, der fleirtalet av pasientane budde (opphavleg spedalske i NA-enden av huset, og ikkje-spedalske i SV-enden), i SV er eit uthus som m.a. romma fjøs og løe, og i NV er klokkar- (seinare preste-) bustaden frå 1776, og ei rekkje med bodar. SA for hovudbygningen ligg "Friskestuen" frå 1745 (opphavleg bygd for ikkje-spedalske bebuarar) og eit par mindre uthus, og eit til uthus ligg rett SV for klokkarbustaden. I V- og N-hjørnet av gardsplassen er portoverbygg av tre, der smauet Hospitalsgangen går gjennom anlegget. Fram til slutten av 1800-talet låg hospitalet i utkanten av tettbebyggelsen, omgjeve av opne marker, som for ein stor del høyrde til hospitalet. "Hospitalsengen" på motsett side av Kong Oscars gate vart utbygd kring år 1900, men elles er markene delvis bevarte. Enga rett NV for anlegget er eit parkmessig opparbeida, offentleg grøntområde, og her er også ein barnehagebygning frå 1980-åra, medan enga rett S for anlegget no er ein hage som høyrer til Lepramuseet. Begge engene er til dels avgrensa av gamla steinmurar.
    førsteDigitaliseringsdato
    • 2004-02-06T20:02:39Z
    kommune
    • 4601
    kulturminneId
    • 87162
    antallEnkeltminner
    • 10
    lokalId
    • 87162
    lokalitetsart
    • 20152
    lokalitetskategori
    • L-BVF
    målemetode
    • 82
    versjonId
    • 20210217
    nøyaktighet
    • 500
    synlig
    • Ja
    vernetype
    • AUT
    vernedato
    • 2000-07-21T00:00:00Z
    vernelov
    • KML
    verneparagraf
    • 4 (Automatisk fredning)
    datafangstdato
    • 2000-07-21T00:00:00Z
    opprettet
    • 2004-02-06T20:02:39Z
    oppdateringsdato
    • 2025-06-24T11:43:56Z