• 87163-1

    id
    • 87163-1
    navn
    • STADSPORTEN / byport
    opphav
    • Vestland fylkeskommune
    informasjon
    • Beskrivelse fra lokalitet: Stadsporten ligg i sørenden av Kong Oscars gate, der gateløpet skifter namn til Kalfarveien. Det er ein portbygning av kvitkalka gråsteinsmur, med tønnekvelva port som opptar heile første etasje, og over denne ein etasje som nåast via ein utvendig trapp på austsida. Bratt, utsvaia saltak med mura gavl i nord, bordkledd i sør. Begge kortsidene har klebersteinstavler med byggherrane sine våpenskjold. Porten var opphavleg del av eit forsvarsanlegg med jordvollar og gravar, men står i dag fritt ute på ei brusteinskledd trafikkøy, med bilveg på begge sider. Beskrivelse fra Enkeltminne: Bygd av kvitkalka gråsteinsmur. I lengderetninga går eit tønnekvelva portrom gjennom bygningen, høgda er ca. 4 m. Over porten er ein etasje med tilkomst via ein utvendig mura trapp på langsida mot A. Bratt utsvaia saltak, tekt med raud tegl. Gavlen mot sør er kledd med kvitmåla, liggande panel, gavlen mot nord er mura. Begge kortsidene har fleire dekorative ledd: stort klebersteinsrelieff over porten i sør, med ein lang innskrift flankert av våpenskjolda til lensherre Oluf Parsberg og hustru. Sjølve portopninga, som sit asymmetrisk i muren, har kleberomramming, utspringande list i anfanget til bogen, og sluttstein med borgen frå byvåpenet i høgt relieff . Oppe i gavlen er eit måla byvåpen på ei rund skive, hengt opp i 1837. I nordgavlen rundboga portopning utan omramming, eit kleberrelieff med våpenskjolda til lensherre Henrik Thott og hustru, og over dette eit byvåpen måla på ei rund skive og med årstalet 1843. Eit muranker øvst i gavlen er forma som eit C4-monogram. Elles finst det enkle muranker på alle fire sider. Øvst på kvar gavlspiss ein messingkule. Oppe i gavlane og øvst i langveggene småruta vindauge med stikkboga overkant, i nordgavlen også to runde gluggar.
    førsteDigitaliseringsdato
    • 2004-02-06T20:02:39Z
    kommune
    • 4601
    kulturminneId
    • 87163-1
    antallEnkeltminner
    • 1
    lokalId
    • 87163-1
    lokalitetsart
    • 20102
    lokalitetskategori
    • L-BVF
    målemetode
    • 82
    versjonId
    • 20210217
    nøyaktighet
    • 500
    synlig
    • Ja
    vernetype
    • VED
    vernedato
    • 1927-04-23T00:00:00Z
    vernelov
    • BFL
    verneparagraf
    • 1 (Utgått paragraf)
    opprinneligFunksjon
    • 1500
    datafangstdato
    • 1993-02-10T00:00:00Z
    opprettet
    • 2004-02-06T20:02:39Z
    oppdateringsdato
    • 2022-02-17T02:02:49Z