Hagerup(s)gården, også kalla Stiftsgården, er eit fornemt bustadhus bygd tidleg på 1700-talet av generaltollforvaltar Hans Schreuder, på ein tomt rett ved rådhuset i Bergen. Det er eit barokkpalé i mur, i ein etasje på høg kjellar, med to framskytande fløyer på fasaden og valmtak. Fasaden er dekorert med doriske pilastrar. Sjølve huset er i hovudtrekka lite endra, men tidleg på 1800-talet vart interiøra modernisert i empirestil. Bak huset var ein stor gardsplass, omgjeven av ein mur og ei rekkje uthusbygningar; på venstre side var ein stor hage, likeeins muromkransa. Huset var ein fornem privatbustad fram til midten av 1800-talet, mykje av tida eigd av stiftamtmenn. Brukt som del av hovudbrannstasjonen i Bergen frå 1863 til 2007. Hagen vart i 1860-åra brukt som tomt for nytt fengsel og tinghus, og i 1880-åra vart husa på gardsplassen erstatta av ein ny brannstasjonsbygning.