Nyhaugen ligg på Fjøsanger, om lag fire km sør for Bergen sentrum. Eigedomen ligg ved foten av åsen opp mot Storetveit, vendt mot SV og Fjøsangerbukta i botnen av Nordåsvatnet. Hovudhuset er eit trefløya tømmerhus i ein etasje i empirestil, med valmtak, kvitmåla panel og ein enkel tempelgavl midt på den symmetriske hovudfasaden. Rett bak huset er ei drengestove i to etasjar av kalka gråsteinsmur, plassert slik at ho saman med dei tre fløyene i hovudhuset dannar eit nesten heilt lukka gardsrom. Eit stykke lenger SA ligg eit vognhus av panelt tømmer i ein etasje. Husa ligg i ein stor hage. Framfor hovudfasaden er restane av eit formelt hageanlegg, som hadde to symmetriske oppkjørselsvegar. Mellom dei er eit prydanlegg med fontene og to store blodbøkar. Omgjevnadene er merkbart redusert dei seinare tiåra: hagen rett framfor huset er skoren av for å gje plass til to parallelle vegar, og huset ligg gøymt bak høge støyskjermar. Ein større del av hagen, rett N for hovudhuset, vart skilt ut i 2006 og bygd ut med tre større bustadhus. Naboane i A og S er eldre herskapsvillaer.