Den freda bygningen er hovudhus på garden (Store) Fjøsanger, no mest kjend under namnet Langegården. Garden ligg ved den inste bukta av Nordåsvatnet, i lia opp mot fjellet Løvstakken. Mykje av det gamle gardslandskapet rundt det freda huset er bevart, med driftsbygningar, mykje av innmarka, og utmarka som no er skogkledd. Det finst òg ein geologisk førekomst av avsetningar frå siste mellomistid og morene frå nest siste istid. 113 dekar er frå 1986 verna som naturminne og landskapsvernområde. Tett ved hovudhuset, på vestsida, er eit uthus av stolpeverk i ein etasje, som romma vaskehus, vedskjul og privet. Det skal vere bygd samstundes som hovudhuset. Ein 400 m lang allé leiar fram til hovudhuset frå nord. Oppe i lia NV for hovudhuset ligg det gamle gardstunet med paktarbustad og driftsbygningar i to rekkjer. Fleire av husa går attende til 1700-talet. Sør for hovudhuset og i akse med dette er ein aldersbustad frå 1958, eit nøkternt saltakshus frå 1958, teikna av Per Grieg. Rett NA for hovudhuset er eit eldre uthus med stall og vognremisse, bygd saman med ein atelierbygning frå 1989. Uthuset vart saman med tomta det står på løfta 1,5 m i samband med omlegging av Fjøsangervegen på 1980-talet. Eit paktarhus frå kring 1900 vart då rive. Det same vart to naust, som vart erstatta av to nye naust på ny tomt.