Garden Store Milde ligg på Hjellestadhalvøya i Fana, på nordsida av Fanafjorden, og det freda hovudhuset ligg oppe på ei høgd over den vesle vika Mildevågen. Det er eit stort, langstrakt tømmerhus i ein etasje, med liggande kvitmåla panel og utsvaia valmtak tekt med raud tegl. Eksteriøret er prega av louis seize-stilen, med store småruta skyvevindauge og portal midt på den symmetriske hovudfasaden mot sør. Huset har store og til dels rikt utstyrte rom, med m.a. dekorerte lerretstapet, vegg- og takmåleri, dei eldste frå byrjinga av 1700-talet. Sør og aust for hovudhuset ligg ein gammal hage, truleg eldre enn huset. Han har omtrent kvadratisk form, ramma inn av kraftige steinmurar, og framfor huset er terrassar med særs gammal buksbom. På motset side av huset låg tidlegare fleire uthus rundt eit gardsrom. Hovudhuset ligg no som sørfløya i eit stort, rektangulært tun med folkehøgskulebygningar frå 1900-talet. (Vestfløy frå 1917, påbygd 1923, og austfløy 1939, begge av Ole Landmark, med kvitmåla panel og valmtak, og fleire bygg nord i tunet 1967 ved J. og C. Lindstrøm, med betong og flate tak.)