Garden Viken (Vikjo) ligg i ganske bratt terreng eit stykke oppe i lia. Då tre av husa her vart freda i 1924 var det eit ganske tett, lite tun, som rett etter vart mykje endra. Også seinare er det rive hus i tunet. Den freda røykstova ligg på opphavleg plass. Ho er av ovaltelgja tømmer kledd med liggande panel, med sval og kove i nordgavlen og eit grindbygd eldhus i sørgavlen. Eit lite lafta og panelt bur ligg SV for dette, bygd inntil ei skykkje; buret er antakeleg det stabburet som også vart freda, og som då låg N for røykstova. På tomta til sengebua, rett N for røykstova, står eit våningshus frå 1920-åra, lenger unna ein driftsbygning. Etter å ha vore flytta tre gonger står den freda sengebua no på Tangerås, seks km lenger N i bygda (sjå lokalitet 87176).