Garden Espeland ligg ved Espelandsvatnet, øvst i Espelandsdalen som fører over frå Granvin mot Ulvik. Bygningane på dei fire bruka på garden låg samla i eit klyngetun med 18 hus i alt. Tunet vart freda i 1924, men oppløyst ved utskiftinga rett etter. Etter det stod husa på bruk 3 og 4 att på staden, til dels flytta internt i tunet og/eller bygd heilt om. Ei bu som høyrde til bruk 4 vart tillete flytta til Granvin bygdatun i 1999. Sju gamle hus, til dels heilt ombygde, ligg att i tunet no, saman med enkelte nyare hus.