Herand sag, også kjend som Tveiti sag, ligg på sørsida av Herandselva nær utløpet og er ei vassdriven sag. Ho er ein relativt stor og uvanleg komplett representant for det siste utviklingstrinnet til dei vassdrivne sagene, med både fleirblada oppgangssag og sirkelsag. I dette område har det lege sager sidan tidleg på 1600-talet. Store fundament etter den eldste saga er framleis bevart på den andre sida av elva. På sørsida vart det anlagt sag på 1700-talet, og her var det kontinuerleg drift fram til slutten av 1970-åra. Truleg inngår delar av den opphavlege 1700-tals saga i dagens anlegg. Den siste større endringa fann stad i 1909, då den fleirblada oppgangssaga vart montert. Etter at saga vart gjenopna i 1992 har ho levert material til restaurering av bygningar og fartøy.
Sagbygningen er bygd av grinder avstiva med kne, ståande på ein mura kjeller. Vassdrive hjul til saga med renne. Ståande og liggjande kledning. Lappheller og rastaheller på taket.