Beskrivelse fra lokalitet:
Lafta røykstove med sval av reisverk i den eine gavlen, med utvendig supanel og helletak. Under huset ein støypt kjellaretasje med gråsteinsforblending. Denne vart bygd i 1957, då stova vart flytta til noverande plassering. Ho står no på marka nedanfor mellomalderkyrkja i Kinsarvik, eit kort stykke ovanfor strandlinja. Også før flyttinga stod stova i nærleiken av kyrkja.
Beskrivelse fra Enkeltminne:
Stovebygning med toromsplan (stove med sval framfor gavlen), på mura kjellaretasje. Sjølve stova er bygd av grovt rundtømmer, svala, som ligg mot aust, av reisverk. Berre sjølve stova er bygd av gamle materiale. Utvendig kledning av moderne uhøvla glattkanta supanel, gråbeisa, noko smalare bord på svala enn på sjølve stova. Endene av tre beter stikk ut øvst på langveggene. Kjellar i støypt betong med gråsteinsforblending. Innvendig pussa. Saltak tekt med store firkantheller, oppbygg for ljore i mønet. Inngangsdør i aust, i svalsgavlen. Sjølve dørbladet synast å vere kopi av ein gammal dør. To torams vindauge, med 2x3 ruter i kvar ramme, i den søre langveggen i stova. Kjellardør og tre små vindaugsgluggar i grunnmuren på nordsida. - Bygningen står på eit stort friområde/park. Bygget har ein god teknisk stand.