• 87195-1

    id
    • 87195-1
    navn
    • Hesthamar
    opphav
    • Vestland fylkeskommune
    informasjon
    • Beskrivelse fra lokalitet: Hesthamar vart kjøpt til sorenskrivargard for Hardanger i 1637 og hadde denne funksjonen fram til 1790. Iallfall delar av hovudhuset som står der i dag er frå 1720-30-åra, og huset har detaljar prega av barokk, regence og rokokko. Den loggia-aktige svalgangen er med å gje huset særpreg. Det er ein av Vestlandets mest autentiske gamle embetsgardar, og vart freda i 1920-åra. Huset ligg fint til med hage som strekk seg ned mot fjorden. Hagen er pent opparbeida i nyare tid med grusgangar, hellelegging og prydplantar mot søraust og sørvest. Forstøtningsmur med skiferlagt trapp mot stabbur. Frukttre framfor huset mot sjøen i nordvest. Vest om huset ligg stabburet som skal være frå tidleg 1800-tal, og ved sjøen ligg eit eldre naust med skiferlagt tak. Det skal være restar (fundament) av eldre trebrygge ved fjorden. Beskrivelse fra Enkeltminne: Halvannan etasjes tømmerhus med open, søyleboren loggia langs søraustre langsida. Spissgavla ark på motsett side. Gråsteinsmura kjellar. Utvendig liggande panel, dels profilert, dels glattkanta. Saltak tekt med raude, uglaserte panner. Tofløya, rokokkoprega hovudinngang på søraustre langsida, midtstilt i forhold til svalgangen, der bogeopninga rett framfor har listverk med knekte profilar. I enda av svalgangen dør til kjøkkenfløya, labanksdør med utvendig profilert, fiskebeinsmønstra panel og listverk av eldre, meir barokk type. I sørvestgavlen nyare dør til kjøkkenet, via eit vindfang. Småruta vindauge av 1700-talstype. Hovudtypen har fire like store rammer, hengsla på midtpost, med 2x3 ruter i kvar, kopiar etter bevarte vindauge i arka og nordaustgavlen. Mindre 1-rams vindauge med småruter på gavlvegg ved kammers og loft, nokre med bua avslutning. 2-rams, småruta vindauge i kjøkken, spiskammers og entré i søre hjørne av huset. Vindauge i spiskammers er truleg eldst med tre ruter i bredda i kvar ramme. Over vindauga er bua listverk av rokokko type, til dels originalt, til dels kopi. Beskrivelse fra Bygg: Halvanna etasjes tømmerhus med open, søyleboren loggia langs søraustre langsida. Spissgavla ark på motsett side. Gråsteinsmura kjellar. Utvendig liggande panel, dels staffpanel, dels glattkantpanel. Saltak tekt med raude, uglaserte panner. Tofløya, rokokkoprega hovudinngang på søraustre langsida, midtstilt i forhold til svalgangen, der bogeopninga rett framfor har listverk med knekte profilar. I enda av svalgangen dør til kjøkkenfløya, labanksdør med utvendig profilert, fiskebeinsmønstra panel og listverk av eldre, meir barokk type. I sørvestgavlen nyare dør til kjøkkenet, via eit vindfang. Småruta vindauge av 1700-talstype. Hovudtypen har fire like store rammer, hengsla på midtpost, med 2x3 ruter i kvar, kopiar etter bevarte vindauge i arka og na-gavlen. Mindre 1-rams vindauge med småruter på gavlvegg ved kammers og loft, nokre med bua avslutning. 2-rams, småruta vindauge i kjøkken, spiskammers og entré i søre hjørne av huset. Vindauge i spiskammers er truleg eldst med tre ruter i bredda i kvar ramme. Over vindauga er bua listverk av rokokko type, til dels originalt, til dels kopi.
    førsteDigitaliseringsdato
    • 2004-02-06T20:02:47Z
    kommune
    • 4618
    kulturminneId
    • 87195-1
    antallEnkeltminner
    • 1
    lokalId
    • 87195-1
    lokalitetsart
    • 20116
    lokalitetskategori
    • L-BVF
    målemetode
    • 82
    versjonId
    • 20210217
    nøyaktighet
    • 500
    synlig
    • Ja
    vernetype
    • VED
    vernedato
    • 1923-06-06T00:00:00Z
    vernelov
    • BFL
    verneparagraf
    • 1 (Utgått paragraf)
    opprinneligFunksjon
    • 2500
    datafangstdato
    • 1995-01-16T00:00:00Z
    opprettet
    • 2004-02-06T20:02:47Z
    oppdateringsdato
    • 2023-06-27T16:09:41Z