• 87198

    id
    • 87198
    navn
    • Malmanger prestegard
    opphav
    • Riksantikvaren, Hovedkontor
    informasjon
    • Malmanger prestegard ligg eit godt stykke søraust for Kvinnherad kyrkje og har som denne tradisjonar tilbake til mellomalderen. Prestegarden ligg plassert i eit usedvanleg rikt kulturlandskap og dannar eit heilskapleg bygningsmiljø som avspeglar dei lange tradisjonane som geistleg embetsgard. Dagens bygningar ligg på kvar side av ein eldre veg som fører over tunet mot Baroniet Rosendal. Hovudbygningen er eit breitt, lafta tømmerhus i ein etasje med liggande panel og høgt lappskifertekt saltak. Bygningen skal vera sett saman av tre eldre hus like før 1754 under sokneprest Jacob Jersin Nyegaard. Etter ei skredulukke 7. august 1793 vart bygningen året etter flytta til ei tryggare tomt. Dei andre bygningane i tunet er alle bygd på tradisjonelt vis i laft samt i stav- og grindverk med skifer på taket. Gamlestova er ei røykstove som er bygd saman med ei lemstove og vedskjul/garasje. Nystova skal vera bygd av sokneprest Unger mellom 1878 og 1910. Vidare omfattar tunet stabbur, eldhus, vedskjul (skykkje), vognstall og driftsbygning med fjøs og løe.
    førsteDigitaliseringsdato
    • 2004-02-06T20:02:47Z
    kommune
    • 4617
    kulturminneId
    • 87198
    antallEnkeltminner
    • 9
    lokalId
    • 87198
    lokalitetsart
    • 20161
    lokalitetskategori
    • L-BVF
    versjonId
    • 20210217
    synlig
    • Ja
    vernetype
    • VED
    vernedato
    • 1991-06-14T00:00:00Z
    vernelov
    • KML
    verneparagraf
    • 15 (Fredning av bygninger, anlegg m.v. fra nyere tid)
    datafangstdato
    • 1992-10-01T00:00:00Z
    opprettet
    • 2004-02-06T20:02:47Z
    oppdateringsdato
    • 2025-06-24T11:43:56Z