Damsgård hovudgård eller Jansongården, ligg i Laksevåg bydel i Bergen. Den ligg godt synleg på toppen av ein grasbakke med hovudfasaden vendt mot Puddefjorden i nord. Anlegget er bygd opp symmetrisk om ein midtakse med hovudbygg med to fløyer kring eit indre gardsrom og eit sørleg portbygg med uthusrom aksialt på hovudbygget. To indre hagar omgjevne av murer flankerer hovudbygget, den austlege er strengt geometrisk, den vestlege mindre streng med karpedam og andehus. Mot bakmuren i denne hagen ligg og anlegget sitt stabbur. Hovudfasaden mot nord er spent ut som ein skjerm med lange hagegjerder som ender i små porthus. Anlegget, slik det står i dag, fekk i hovudsak sin utsjånad på 1770-talet og er eit av rokokkostilen sine hovudverk i Noreg med høg grad av autentisitet både med omsyn til eksteriør, plan og ikkje minst interiøret til hovudbygget.