Alvøen ligg ved den skjerma Alvøypollen, heilt vest i Bergen kommune, og er ein svært godt bevart industristad. Hovudbygningen er eit trefløya trehus i ein etasje, med kvitmåla panel og pannetekte tak, utvendig prega av empirestilen. Hovudfasaden mot nord er symmetrisk med valma tak, brei midtark, to inngangsdører og støypejernsveranda. På motsett side, mot hagen, er eksteriøret prega av ei rekkje gavlar og arker. I midtaksen av hagen står eit åttekanta lysthus frå 1797. Rundt hovudhuset er fleire gamle hus, m.a. paktarbustad og eit stabbur i to etasjar. Frå hovudfasaden går ein lang allé langs austsida av pollen nordover mot fabrikkanlegget. Her er ei rekkje bygningar frå 1700-talet og frametter. Langs vestsida av pollen ligg kring 40 små arbeidarbustader frå 1800-talet.