Beskrivelse fra lokalitet:
Garden Håbrekke ligg sentralt i Strandebarm, på sletta i botnen av eit lite dalføre, med bratte fjellsider tett innpå. Det freda hovudhuset er ein einetasjars bygning med lågare sidefløy vinkelrett mot vest. Huset er i engelsk raudt med saltak både på hovudbygning og sidefløy. I nord eit nyare tilbygg med pulttak. Fasaden til sidefløya går i sør i eitt med bygningens sørgavl. Nesten heilt inntil er eit eldhus av panela grindverk, og husa ligg som del av eit lite gardstun med bygningar av ulik alder. Tunet er omgjeve av grøne marker, og det gamle kulturlandskapet er ganske intakt. Drygt 100 meter unna ligg tunet på prestegarden, med fleire freda hus.
Beskrivelse fra Enkeltminne:
Mer informasjon fins i Askeladdens merknadsfelt