• 87210-1

    id
    • 87210-1
    navn
    • Skogasel
    opphav
    • Vestland fylkeskommune
    informasjon
    • Beskrivelse fra lokalitet: Garden Skogasel ligg i bratt lende ovanfor Ivarhus, den gamle prestegarden i Strandebarm. På garden stod ei sengebu som vart freda i 1923, men som vart rive kring midten av 1900-talet. Ho var eit tømmerhus i ein etasje, med sval i sørgavlen og med rik, måla dekor av 1600-talskarakter innvendig. I nord var bua bygd saman med ei stove med årstalet 1797 skore inn. Denne står enno, no med eit garasjetilbygg på den gamle bua si plass. Beskrivelse fra Enkeltminne: Tømmerbygning i ein etasje, med eitt tømra rom og sval i gavlen. Inne i rommet var det restar av rik dekor måla på tømmeret. Bygningen vart riven ein gong mellom 1947 og 1960, men noko av det dekorerte tømmeret er bevart i museumssamlinga på Stalheim hotell. I 1927 vart bygningen skildra slik: "Paa gaarden staar en en-etages gammel gjestestue av tømmer med spor efter en reisverks svalgang under frembygget tak paa den ene gavlside, likeledes efter fire nu forsvundne faste senger ved denne langvæg; paa de runde stokkevægger indvendig malte dekorationer: draperier nederst og ovenover disse vaser med blomster og ranker; disse kan tyde paa 2. halvd. av 17. aarh. som opførelsestid." I nord var sengebua bygd saman med ei lafta stovebygning. Denne står enno, no med eit garasjetilbygg i bindingsverk der sengebua stod. Beskrivelse fra Bygg: Bua vart i innberetninga til den antikvariske bygningsnemnd i 1927 omtala slik: ¿Paa gaarden staar en en-etages gammel gjestestue av tømmer med spor efter en reisverks svalgang under frembygget tak paa den ene gavlside, likeledes efter fire nu forsvundne faste senger ved denne langvæg; paa de runde stokkevægger ind vendig malte dekorationer: draperier nederst og ovenover disse vaser med blomster og ranker; disse kan tyde paa 2. halvd. av 17. aarh. som opførelsestid.¿ I nord var bua bygd saman med ei lafta stovebygning, med lafta kove og sval/eldhus i standarverk, og med årstalet 1797 skore inn. Denne står enno, no med eit garasjetilbygg i bindingsverk der sengebua stod. Dette samanbygde huset er raudmåla med saltak og liggande supanelskledning.
    førsteDigitaliseringsdato
    • 2004-02-06T20:02:50Z
    kommune
    • 4622
    kulturminneId
    • 87210-1
    antallEnkeltminner
    • 1
    lokalId
    • 87210-1
    lokalitetsart
    • 20116
    lokalitetskategori
    • L-BVF
    målemetode
    • 82
    versjonId
    • 20210217
    nøyaktighet
    • 500
    synlig
    • Ja
    vernetype
    • VED
    vernedato
    • 1923-06-06T00:00:00Z
    vernelov
    • BFL
    verneparagraf
    • 1 (Utgått paragraf)
    opprinneligFunksjon
    • 2500
    datafangstdato
    • 1993-02-11T00:00:00Z
    opprettet
    • 2004-02-06T20:02:50Z
    oppdateringsdato
    • 2020-02-27T08:58:41Z