Strandebarm prestegard ligg på elveøyra like ovanfor der Strandadalselva renn ut i Hardangerfjorden. Etter ein tradisjon som vart skriftfesta så tidleg som i 1661, skal prestegarden opphavleg ha høyrt til ein adelsslekt frå Oma, men vera skjenka kyrkja av riddaren Ivar Andresson Oma (Ivar Slede), omtala 1340. Derav namnet «Ivarshus» på prestegarden. Dei fleste av dei gamle husa på prestegarden vart rivne i 1907, mellom dei både ein gammal og ein nyare hovudbygning. Den sistnemnde var sett saman av fire ulike hus. Den noverande hovudbygningen vart reist same året og skal vera teikna av arkitekt Torgeir Alvsaker. Av bygningar frå før 1907 står no att eit stabbur, ei borgstove og eit vedskjul som tener som garasje. Dessutan er naustet til prestegarden, som ligg i elveosen ved kyrkja, bevart. Desse fire husa er freda.