Bukken ligg på ei lita øy i skipsleia sør for Bergen, like nord for Krossfjorden. Anlegget består i dag av tre hus på austsida av øya. Hovudbygningen er eit kvitmåla panelt trehus i to etasjar, med pannetekt valmtak, louis seize-portal og empirevindauge. Huset ligg på ein gråsteinsmura terrasse nokre få m frå sjøen. Eit sjøhus, i to etasjar med saltak, ligg på eit gråsteinsfundament bygd ut i sjøen. Sjøhuset er kledd med kvitmåla panel og har ein lafta kjerne, med sval på to sider ¿ open i første etasje, lukka i andre. I gavlen mot sjøen er ei vindeark. Bak sjøhuset og ved sida av hovudhuset ligg tingstova, også den ein panelt tømmerbygning i to etasjar med valmtak, men raudmåla og med småruta vindauge. Rett bak hovudhuset låg eit paktarhus, i ein etasje med saltak, som vart rive ein gong etter krigen, truleg i 1950-åra. Det finst og ein jordkjellar, og på motsett side av øya er eit nyare naust med slipp.