Agatunet ligg på vestsida av Sørfjorden, om lag 150 m frå sjøen og rett nedanfor ein bratt fjellknaus som gjer ly mot ras. Den gamle bygdevegen går tvers gjennom tunet, vegen frå første del av 1900-talet går rett nedanfor medan den nye vegen er lagt i tunnel bak tunet. Før utskiftinga på slutten av 1930-talet låg dei fleste husa i eit klyngetun som omfatta meir enn 60 hus. Den sentrale og mest tettbygde delen av tunet, med rundt 30 bygningar, har vore eigd av Stiftinga Agatunet sidan då og er bevart nesten uendra. Husa er både lafte- og grindebygg, dei fleste med supanel – både måla og umåla – og helletekte saltak. Dei fleste våningshusa ligg langs vegen gjennom tunet, fleire store grindløer ligg samla i den nordlege delen, medan stabbur, eldhus og mindre uthus ligg meir spreidd rundt i tunet. Etter utskiftinga fekk fleire av bruka på garden tun på område rundt stiftinga si eigedom. Mange av dei gamle gardshusa vart rivne, både i samband med utskiftinga og seinare, men enno står 12 gamle hus her, både våningshus og mindre bygningar. Her er òg bygd nokre nye våningshus og løer. Nedanfor tunet, langs sjøen, er ei rekkje med gamle naust som har høyrd til garden. Områda rundt er elles grøne markar eller planta med frukttre.