• 87218-1

    id
    • 87218-1
    navn
    • Fagernut - Bergensbanen
    opphav
    • Vestland fylkeskommune
    informasjon
    • Beskrivelse fra lokalitet: Bygginga av Bergensbanen utgjer avslutninga på den tredje og største bolken i norsk jernbaneutbygging si historie. Ikkje bare sjølve jernbanelinja over høgfjellet, men også det omfattande programmet for oppføring av bygningar, gjer banen til det verkelege storverket i norsk jernbanebygging. Snøtilhøva langs høgfjellstrekninga på Bergensbanen er svært problematiske, og dette gjorde det naudsynt å bygga eit system av vokterbustadar. Langs høgfjellstrekninga blei det oppført i alt 77 bustader, ein for kvar tredje kilometer. Fagernut vokterbustad er den høgastliggande av desse på 1310 m.o.h. Bygningen blei oppført i 1904 og nytta som ingeniørbustad under bygginga av banen, før den blei tatt i bruk til vokterbustad. Fagernut vokterbustad er teikna av arkitekt Paul Armin Due, ein av dei viktigaste jernbanearkitektane. Gjennom dei 20 ara han var knytt til jernbanen, leverte han over 2000 teikningar til statsbanane. Blant desse er to hovudtypar vokterbustader for høfjellstrekninga på Bergensbanen, ein i tre og ein i stein. Fagernut vokterbustad høyrer til typen "Mindre Dobbelt Vokterbustad af Sten for Taugevand-Aal" og er den best bevarte vokterbustaden av denne typen langs høgfjellsstrekninga på Bergensbanen. Fagernut vokterbustad er, som dei andre vokterbustadene Due teikna for høgfjellsstrekket på Bergensbanen, teikna i enkel jugendstil. Dette kan vi mellom anna sjå på den utvendige panelen og anna detaljering av trevirket, utforminga av vindauge og dører og bruk av rustikt murverk i fasaden. Den enkle utforminga skuldes truleg mellom anna tidspunkt for bygging, funksjon og plassering. Bygningen er i ein og ein halv etasje, har halvvalma tak og skut på ein etasje i kvar ende. Opphavleg hadde bygningen to husvære som kvar gjekk over begge etasjane. Dei to husværa var identiske og hadde inngang frå kvar si langside. I første etasje var det stove, kjøken og ein gang med trapp, i tillegg til skuten med vedbod, spiskammers og privet. I andre etasje var det to soverom og råloft. Kjellaren inneheldt matbod og bryggerhus. Etter at Finsetunnelen ble tatt i bruk i 1993, går det ikkje lenger ordinær togtrafikk forbi bustaden. I staden er det i dag mykje sykkeltrafikk på Rallarvegen som går parallelt med jernbanelinja. Vokterbustaden blir i den samanheng nytta som museum og kafe. Beskrivelse fra Enkeltminne: Bygningen er i ein og ein halv etasje, har halvvalma tak og skut på ein etasje i kvar ende. Første etasje er oppført i bruddsteinsmur, medan andre etasje og skutane er oppført i bindingsverk. Bruddsteinsmuren er utført med stor, jamn gråstein henta frå området rundt vaktarbustaden. Kledninga er liggjande staffpanel med massiv profilert bandgesims langs murkrona. Takutstikket på langsida er bore av profilerte, bua konsollar med sameleis detaljering. Bygningen hadde opphavleg to-fags, småruta vindauge og tilsvarande låge vindauge i knestokken og skutane. Taktekkinga på hovuddelen og skutane er lappskifer. Panelet på skuten mot aust er ikkje originalt, biingangen mot vest er stengt. Biingangen mot aust vart rekonstruert i 1998.
    førsteDigitaliseringsdato
    • 2004-02-06T20:02:55Z
    kommune
    • 4620
    kulturminneId
    • 87218-1
    antallEnkeltminner
    • 1
    lokalId
    • 87218-1
    lokalitetsart
    • 20138
    lokalitetskategori
    • L-BVF
    målemetode
    • 82
    versjonId
    • 20210217
    nøyaktighet
    • 500
    synlig
    • Ja
    vernetype
    • VED
    vernedato
    • 2002-02-04T00:00:00Z
    vernelov
    • KML
    verneparagraf
    • 15 (Fredning av bygninger, anlegg m.v. fra nyere tid)
    opprinneligFunksjon
    • 2000
    datafangstdato
    • 2002-02-14T00:00:00Z
    opprettet
    • 2004-02-06T20:02:55Z
    oppdateringsdato
    • 2022-02-17T02:02:51Z