Garden Einstabøvoll (Einstapevoll) ligg på vestsida av Tittelsneshalvøya, like nord for Valevåg. Bak garden, mot aust, er det bratt fjell, medan terrenget nedanfor strekk seg ned mot sjøen i nordvest. Husa på bruk nr. 1 vart bygde av Ole Georg Olsen tidleg på 1800-talet og ligg samla i eit tun. Det er i alt 14 gamle hus, dei fleste gruppert rundt to gardsrom: mot aust eit med uregelmessig form, der fleire av husa er dels bygde inn i det stigande terrenget, og eit firkanta gardsrom nedanfor mot vest. Bortsett frå hovudhuset og eit uthus er alle husa bygd av gråsteinsheller. Nokre av husa er kvitkalka, andre står med synlege steinmurar. Taka er tekte med store skiferheller. Vest og sør for hovudhuset ligg symmetriske hagar med terrassar, paviljongar og steingjerde omkring. I enden av aksen gjennom hagen mot vest er ein elliptisk forma haug, krona av eit stort kastanjetre. Også elles er det ei rekkje steinmurar, ofte meir enn mannshøge, i området rundt tunet. Eit par løer ligg drygt 100 m mot NV, og ytterlegare 250 m mot NV ligg eit naust, nede ved sjøen.