Bygningen som var freda, er ei lafta sengebu i to etasjar, med eitt rom i kvar etasje. Bua vart sett opp på noverande tomt i hytteområdet Kvamskogen i 1941. Slik ho står no utgjer den gamle sengebua kjernen i ei større hytte (tidlegare kalla "Siristøl", no "Holsten"), med tilbygg på tre sider og mange nye opningar i lafteveggene. To av tilbygga skal også vera eldre, lafta hus. Hytta har raudmåla supanel og nye småruta vindauge. Opphavleg stod sengebua som del av tunet på bruk 3 på garden Dysvik i Strandebarm (no i Kvam herad). Bua hadde ei sval langs eine gavlveggen i begge etasjar, og i kvar etasje av bua var det tre faste senger. Både svala og sengene er borte i dag. På Dysvik var sengebua bygd saman med ei røykstove med kove og gang, slik at svala på bua band dei to husa saman. Fredinga vart oppheva i 2014.
Beskrivelse fra Enkeltminne:
Mer informasjon fins i Askeladdens merknadsfelt