Garden Mølster ligg høgt oppe i lia nordvest for Vossevangen, på ein avsats i fjellet. Mølstertunet er eit tradisjonelt vestnorsk klyngetun, med to bruk og i alt 18 hus, med eit aldersspenn frå 1500- til seint 1800-tal. Husa er for det meste lafta, med utvendig liggjande kledning, og tak tekte med skifer eller torv. Hovudtrekka i tunet er typisk for Voss, med stovene lagt i rekkje øvst i tunet, og uthusa i rekkje nedanfor. Heile tunet vart freda i 1923. På same tid vart det kjøpt av Voss folkemuseum og er framleis grunnstammen i museet.