Murbygning i jugendstil i 3 1/2 etasje. Hovudfasadane vender mot Einarvikgata (nord), og Storgata (aust), med avrunda gatehjørne og takopppbygg på hjørnet. På hjørnet er også ein balkong i 3.etg. Midt på kvar hovudfasade er ei ark. Arka mot nord har dekorasjonar og årstal i gavlen. Pga. at bygningen ligg i ein forholdsvis bratt bakke er inngangen frå gata mot nord i 1.etg, medan ein mot aust går inn i 2. etg. Begge desse etasjane inneheld ei møbelforretning, medan dei to øverste etasjane inneheld leiligheiter. Taket er ein kombinasjon av sal og valmatak, tekt med lappsteinskifer.