Vigdalsstølen er plassert i Vigdalen i Luster kommune, ca. 750 moh. Den ligg litt for seg sjølv i eit fjellområde der den næraste stølsgrenda, Fjellstølen, ligg eit mot stykke nordvest. Området som heilskap er eit ope fjellandskap med få trær. Unntaket er nærområdet til Vigdalsstølen som er prega av mange store grantrær. Desse var planta av Hans Vigdal som ein del av han sine eksperiment med kryssing av bartrær.