Bygningen står på Lærdalsøyri i Lærdal kommune, som er ein svært godt bevart tettstad med mange bygningar frå 1800-talet. I første halvdel av 1800-talet var Lærdalsøyri i sterk vekst og det vart etter kvart bygd mange bustadhus med eit meir bymessig preg. I den austlege delen av Øyragata, der Synneva Eris hus står, stod husa ikkje like tett som i den vestlege delen. Her er bygningane omgitt av hage på alle sidene og fasaden rettar seg ut mot gata. Bygningane i denne delen av Lærdalsøyri er også gjennomgaåande større enn i den vestlege delen av gata.