Fredningsvedtaket i medhald av KML § 19 omfatter landskapsrommet rundt helleristningane i Vingen og på Vingeneset. Helleristningane er automatisk freda i medhald av KML § 4. Grensa for fredningsområdet tek utgangspunkt i pkt. A på vedlagte kart. Ho følgjer grensa for landskapsvernområdet frå pkt. A til pkt. B, midtvegs mellom Hamreskartjønn og Hesten, ca. 1 km får begge, går så i rett linje gjennom pkt. C oppå Vingefossen", derifrå til pkt. D, topp ved Vingelvsætra og følger derifrå grensa for landskapsvernområdet til pkt. E. Pkt. A; der nordgrensa for Vingen landskapsvernområde møter sjøen. Pkt. B; midtvegs mellom Hamreskardtjønn og Hesten, 600 moh. Pkt. C; "oppå Vingelsfossen", 190 moh. Pkt D; topp ved Vingelvsætra, 502 moh. Pkt. E; der sørgrensa for Vingen landskapsvernområde møter sjøen. Området er totalt ca. 1730 da. Dei ulike helleristningsfelta slik dei framgår i 1999 av Fornminneregisteret og Økonomisk kartverk, omfattar 85 da. Avgrensinga av områdefredinga er avmerkt på vedlagte kart, påført RA sitt stempel og dato av i dag."