Sogndal prestegard har si historie som prestgard attende til mellomalderen, og det same har Sogndal kyrkje. Den noverande kyrkje fra 1867 ligg ca. 1,5 km frå prestegarden, og det er ikkje lenger synskontakt mellom kyrkja og prestegarden. Men før alle husa i Sogndal tettstad vart bygde, kunne ein sjå frå den eine staden til den andre.
Sogndal prestegard har nå hovedbygning, stabbur, garasje og eit mindre uthus, og alle husa ligg i den øvre delen av prestegardshagen. All jorda til prestegarden er nedbygd, og prestegarden ligg no som ein del av tettstaden.
Hovedbygningen vart bygd i 1836. Har er ein 2 1/2 etasjes, tømra, panelt, kvitmåla bygning med halvvalma tak med svai. Huset har opphavleg midtkammerplan. Planen vart endra noko då hovudinngangen vart flytta frå sørfasaden til nordfasaden. Men framleis kan ein godt sjå den opphavlege rominndelinga, sjølv om nokre av romma har enda funskjon. Oppe var det ein midtgangsplan, som stort sett er uendra bortsett fra nokre nyare lettveggar.
På nordfasaden har huset eit gangtilbygg frå rundt 1980. Elles har huset utvendes same prget og storleiken som det alltid har hatt, og som syner stor innverknad frå bergens-arkitekturen. Innvendes finn ein óg mykje av det gamle preget og ein del gamle bygningselement. Huset ber merke av den høge hansverkskvaliteten og dei gode snikkardetaljane som er sermerkte for hus i denne arkitektur-tradisjonen.
Hovudbygnigen itgjer det berande elementet i det gamle prestegardsmiljøet i Sogndal, med hagen og det istandsette uthusa som viktige delelement. Dette miljøet er ein viktig del av historia til Sogndal, og viktig i den npverande tettstaden, etter som det er mest innebygt av nyare store hus.