• 87656-1

    id
    • 87656-1
    navn
    • Myrdalsleitet Forsamlingshus - Bergensbanen-Flåmsbanen
    opphav
    • Vestland fylkeskommune
    informasjon
    • Beskrivelse fra lokalitet: Bergensbanen damer avslutninga på den tredje store utbyggingsepoken i norsk jernbanehistorie. Samstundes representerer banen det største løftet innan jernbanebygginga her i landet. Parsellen Voss - Taugevatn - Gulsvik sto ferdig i 1908. Myrdalsleitet Forsamlingshus ligg på strekninga Voss - Taugevatn. Bygginga av Bergensbanen frå Voss til Taugevatn og vidare ned til Hallingdalen var ei svært krevjande oppgåve. Det meste av arbeidet kunne berre giennomførrast i sommersesongen, og dei lange avstandane i det vanskelege fjellterrenget skapte store problem for transporten av materialar og folk. Først vart det difor bygd ein anleggsveg opp gjennom Flåmsdalen, vidare inn i fjellet og ned mot Hallingdalen. Då vedtaket om utbygging var gjort, vart det reist eit stort antall anleggsbrakker, stikningsbuer o. l. Ved Vatnahalsen vart det oppført kontorbygning, bakeribygning og handelsbu. På Hallingskeid var det forsamlingslokale, handelsbu med bakeri og sjukehus. Myrdalsleitet Forsamlingshus vart oppført i 1898, truleg oppført etter teikningar som vart utarbeidd ved anlegget. Huset ligg i ein bratt skråning inn mot fjellet, med utsyn utover Flåmsdalen. Den vart kalla Myrhallen og var forsamlingshus for den Vestenfjellske anleggsseksjonen. Lokalet ga rom for viktig fagforeningshistorie og huset vart òg nytta til gudsteneste, dans og andre sosiale møte under bygginga av Bergensbanen/Flåmsbana, og for jernbanesamfunnet i Myrdalsområdet etter at anleggstida var over. Eksteriøret og interiøret med festsalen er i stor grad autentisk frå oppføringa i 1898. Forsamlingshuset har hatt fleire ulike brukarar etter anleggstida. Det har vore brukt av skytterlaget, og ei tid vart huset brukt som lager. Fram til ca. 1970 fungerte det som bygdekino, men sidan har det stått ubrukt. Myrdalsleitet Forsamlingshus er eit representativt døme på korleis jernbanen bygde for å koma ulike behov i møte i samband med den omfattande anleggsverksemda. Saman med andre viktige døme innan jernbanen sine bygningar, står Myrdalsleitet Forsamlingshus fram som eit representativt kulturminne i den norske jernbane- og samferdselshistoria. Det er med på å syna breidda, variasjonen og kvaliteten i norsk jernbanearkitektur. Beskrivelse fra Enkeltminne: Myrdalsleitet Forsamlingshus er ein rektangulær bygning oppført i fuga gråsteinsmur. Taket er eit skifertekt saltak med ark mot søraust. På grunn av det bratte terrenget ligg langfasaden mot nord fritt, medan sørfasaden ligg delvis nedgravd i bakken. Tilbygget i nordvest er av tre, og det er eit bislag på østre gavl. Tilbygget er truleg like gamalt som hovuddelen av bygget. Denne er kledd med liggjande fas-/staffpanel. Det er tømmermannspanel i gavltrekanten mot vest og på arkoppbygget. Bislaget som er frå 1970,har eit valma pulttak, og veggane er kledde utvendig med weatherboardpanel. Kjellaren, som har inngang i vestgavlen, er eitt stort rom med jordgolv med bene så vidt ståhøgd. Det er trebjelkelag over kjellaren. På den nordlege langveggen er det innmurte boltar. I arken mot søraust er det sett inn nytt 6-felts vindauge. Dei andre vindauga er opphavelege, enkle kvadratiske vindauge med sprosser i kors. Dørene er av nyare dato.
    førsteDigitaliseringsdato
    • 2004-02-06T20:05:23Z
    kommune
    • 4641
    kulturminneId
    • 87656-1
    antallEnkeltminner
    • 1
    lokalId
    • 87656-1
    lokalitetsart
    • 20138
    lokalitetskategori
    • L-BVF
    versjonId
    • 20210217
    synlig
    • Ja
    vernetype
    • VED
    vernedato
    • 2002-11-26T00:00:00Z
    vernelov
    • KML
    verneparagraf
    • 15 (Fredning av bygninger, anlegg m.v. fra nyere tid)
    opprinneligFunksjon
    • 2000
    datafangstdato
    • 2003-02-19T00:00:00Z
    opprettet
    • 2004-02-06T20:05:23Z
    oppdateringsdato
    • 2024-01-25T15:31:31Z