Sogn politimeisterbolig i Leikanger er teikna av Riksarkitekten i 1938 og er ein bygning i to høgder der sokkeletasjen og terrassen er bygd i betong, mens resten av huset er bygd i tre. Huset var embetsbolig for politimeisteren i Sogn fram til 1996. Huset er eit sjeldan døme på 30-talsfunksjonalisme utanfor dei større byane i Norge.