• 90365

    id
    • 90365
    navn
    • Oppsal - Lok. 1 og 2
    opphav
    • Vestland fylkeskommune
    informasjon
    • Innafor planområdet vart det avdekt busetnads- og aktivitetsspor frå eldre jarnalder. Det er forholdsvis tett med strukturar i dei funnførande sjaktene. Til saman er det avdekt 66 strukturar. Dette dreier seg om stolpehol, veggriller og ei kokegrop. I tillegg er det avdekt restar etter murar, samt fleire eldre dyrkingshorisontar. I tilknyting til den eldste dyrkingshorisonten er det synlege ardspor i undergrunnen. Nokre lausfunn vart funne under flateavdekkinga. I tillegg vart det funne tre avslag under snitting av eit stolpehol. Alle strukturane ligg på terrasseflata og i skråninga rett nedanfor og nord for kyrkjegardsmuren. Aktiviteten me finn spor etter er forstyrra av fleire nyare tids kisteveiter, grøfter og kloakkleidning. Dette gjeld særleg i skråninga frå terrasseflata og ned mot sjøen (lokalitet 2). Oppe på terrasseflata er det meste av dreneringa lagt i plastrøyr, og desse ligg ikkje så djupt som dei i stein. Undergrunnen er difor minst forstyrra oppå flata med spora frå førromersk jernalder (keltertid) (lokalitet 1). Strukturar i tilknyting til huskonstruksjonar på flata vart C14-datert til førromersk jernalder. Ei dateringsprøve vart teken ut frå eit neverlag, og denne vart tidfesta til folkevandringstid. Materiale til C-14 datering vart tatt ut frå profilen i snittet på eit stolpehol, og dette vart aldersbestemt til BC 395 - 200 (T-14306.). Den C14-daterte massen frå ei veggrille vart tatt ut frå profilen i snittet, og denne vart aldersbestemt til BC 395 - 195 (T-14307.). Laga (5) og (5B) er sett saman av never, bark og trebitar blanda med noko torv. Frå det øvste av desse, lag (5), vart never c14-datert til folkevandringstid, AD 570 - 655 (Beta-132206). Området er sidan utgravd av Bergen Museum.
    førsteDigitaliseringsdato
    • 2005-01-24T15:19:44Z
    kommune
    • 4624
    kulturminneId
    • 90365
    antallEnkeltminner
    • 2
    lokalId
    • 90365
    lokalitetsart
    • 20159
    lokalitetskategori
    • L-ARK
    målemetode
    • 99
    versjonId
    • 20210217
    nøyaktighet
    • 500
    synlig
    • Ja
    vernetype
    • FJE
    vernedato
    • 1999-08-23T00:00:00Z
    datafangstdato
    • 1999-08-23T00:00:00Z
    opprettet
    • 2005-01-24T15:19:44Z
    oppdateringsdato
    • 2025-06-24T11:43:56Z