Basert på opplysingar frå registrator ved Universitetsmuseet i Bergen og informasjon frå Samlingsseksjonen ved Universitetsmuseet i Bergen, samt synfaring på staden 24.09.2015, er lokaliteten avkrefta av Hordaland fylkeskommune. "Avslag av kvarts" funne på lokaliteten er natur. Ved synfaringa vart det påvist over ein meter tjukt myrlag i det aktuelle området, og det var ikkje mogleg å prøvestikke der.