Hellaren låg i SV-enden av ein NS-gåande bergrygg (Malthaugen). Om lag 5 m.o.h. var det eit 20 m langt og 15 m breitt platå inntil fjellsida, og ved innsiden av dette platået låg helleren som var danna ved at berget her skråna utover. Den var orientert i NV-SA retning, dvs. med opninga venda ut mot SV. Den var 15,5 m lang, 3 m høg ved dråpefallet, og 2 m dyp frå dråpefallet til bergveggen.
I SA-kant av hellaren sto eit lite hus, kalla Else-huset. Under opparbeiding av bed i terraser foran og delvis inne i helleren var det i 1964 funne ein del flint (B 11576). Hellaren vart ettergrave i 1972 av Bjørn Myhre. Det vart ikkje gjort sikre førhistoriske funn ved utgravinga.
Malthaugen vart planert i samband med utviding av Kleppestø kai og Kleppestø sentrum.