Lokaliteten har ein fin og lun plassering med høge bergveggar i vest og aust. I steinalder har Sætrevika vore meir markert i landskapet, noko som har gjeve ei god hamn. Det er mogeleg at bekken som går like aust for lokaliteten har laga den skarpe kanten som avgrensar flaten. Lokalitet 1 må reknast som ein liten lokalitet. Den er avgrensa enten naturleg eller av tomme prøvestikk. Funnflaten er truleg neppe større enn 5 x 5 meter, men sidan prøvestikk 1 gav så få funn, kan det tenkjast at funna ligg svært sprett, og at lokaliteten kan strekkja seg utover nokre av dei tomme prøvestikka. Det vart tatt 7 prøvestikk på lokaliteten. Stikka var omlag 40 x 40 cm store. Prøvestikk 1 og 2 var omlag 80 x 80 cm. I prøvestikk 1 var torva 15 cm tjukk med mykje røter. Under torva var eit lag med tildels stor stein, 20-30 cm i diameter. Etter steinane kom eit 25 cm tjukt sandlag, iblanda grus. Dette var spettet på farge; oransje og mørk brun. Det såg ut til å vera trekolstøv i laget, men ingen heile trekolbitar. Ned mot 40 cm under overflata kom ein ned på steril. Dette var hard, oransjebrun aur. Dei andre prøvestikka på lokaliteten viste tilsvarande stratigrafi, særleg stikk nr. 2, 3 og 5. Denne straigrafien skil seg klart ut frå det ein elles fann i det undersøkte området. Det vart i 1999 gitt dispensasjon frå Lov om kulturminne §8, for automatisk freda kulturminne Lok. 1, Sætrevika. I dag er lokaliteten fjerna, og det er steinbrot på staden.