• 92080

    id
    • 92080
    navn
    • 18/976 HKB Gossen Süd
    opphav
    • Møre og Romsdal fylkeskommune
    informasjon
    • Hærens kystbatteri Gossen Süd vart satt opp i Strassburg i oktober 1941. Det stod ferdig på Gossen sumaren 1942. I løpet av dei fem åra krigen varte blei Gossen forandra til ei militær festning som ein del av Hitlers Festung Norwegen. Gossen Süd var det første kystbatteriet på Gossen og ber ei historie som er viktig å ta vare på. Hovudskyts var 6 stk 15,5 cm K425 8f9 kanonar. Kanonane som kom til Tangen var franske kanonar frå 1 verdskrig. Desse vart bytta ut i 1942 med nyare kanonar. I tillegg til hovudskytset hadde batteriet 5 stk maskingevær, 5 kanonar, båe fransk, jugoslaviske og tyske. 3 stk mobile flammekastere, 20 stk fastmonterte flammekastere, 2 lyskastere og 2 bombekastere Ved arkeologisk registrering utført i 2018 vart det funne 7 kanonstillingar, 5 bunkarar, fleire løpegangar, ei brakketuft og 10 stolpehol som stammar frå ei mogleg brakke. Ytst på Aukratangen ligg det to kanonstillingar som er knytt til ein ammunisjonsbunker. Her var kanonstillingane framleis synlege, medan bunkeren var heilt tildekt. Før oppstart var 3 av bunkerane og 4 av kanonstillingane synlege, medan 3 kanonstillingar og ein bunker var heilt dekt til. Kommandobunkeren har stått open sidan krigen, og sjølv om inventaret er borte er denne ganske intakt. Mannskapsbunkeren som var heilt tildekt er den bunkeren i Gossen Süd som ber preg av å vere mest intakt. Denne har framleis feltsenger på veggen. Truleg var denne ein av dei første bunkerane som vart lukka etter krigen. Med unntak av den halve kanonstillinga som tyskarane sjølv har sprengd vekk er alle kanonstillingane i god behald. Alle krigsminna med unntak av kommandobunkeren vart lukka etter at undersøkinga var over.
    førsteDigitaliseringsdato
    • 2018-05-07T16:34:59Z
    kommune
    • 1547
    kulturminneId
    • 92080
    antallEnkeltminner
    • 13
    lokalId
    • 92080
    lokalitetsart
    • 20176
    lokalitetskategori
    • L-ARK
    målemetode
    • 82
    versjonId
    • 20210217
    nøyaktighet
    • 500
    synlig
    • Ja
    vernetype
    • IKKEV
    vernedato
    • 2018-05-07T00:00:00Z
    datafangstdato
    • 2018-05-07T00:00:00Z
    opprettet
    • 2018-05-07T16:34:59Z
    oppdateringsdato
    • 2026-01-22T16:01:57Z